Avgjerder om abonnentval
BARNEOMBODET
|
Kultur- og kirkedepartementet |
|
Deres ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
07/00841-2 |
Kari Stenquist |
008;O;BO |
26.6.2007 |
|
Høringssvar: |
Barneombodet viser til høringsdokument frå Barne- og likestillingsdepartementet om ny lov om markedsføring og annan markedspraksis datert den 29.03.2007
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med
dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar. Det følgjer av artikkel
3 der det står at "Ved alle handlingar i samband med barn og unge som blir gjort av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgjevande organ, skal barnets beste vere eit grunnleggjande omsyn."
I tillegg står det i artikkel 17 (e); "Partane skal oppmodast til utvikling av passande retningsliner til vern av barnet mot informasjon og stoff som er skadeleg for hans eller hennar sitt velvære, då avgjerdene i artikkel 13 og 18 blir tatt omsyn til."
Høringsnotatet om avgjerder om abonnentval i kringkastningslova og kringkastnings-føreskrifta er ei utgreiing av noverande og muleg framtidig praksis som omhandlar kabelselskap og alternative abonnentordningar på TV-kanalar. Dette gjeld i utgangspunktet tema som strekkjer seg ut over Barneombodets arbeidsfelt. Vi ser det difor ikkje som vår oppgåve å gå inn på kva slag metodar kabeleigarar skal nytte seg av i abonnentunder-søkingane sine, heller ikkje korleis grunnpakker og tilleggspakker bør stå fram.
Barneombodet vil likevel nytte høvet til å peike på at abonnentane i utgangspunktet bør kunne få dei kanalar dei ønskjer sjølve, altså eit "à la carte-val" som vist i pkt 3.3. Slik situasjonen er i dag, opplever vi at abonnentane må betale for kanaler dei ikkje ønskjer. Barneombodet har mottatt førespurnader frå publikum som har barn. Dei har reagert på at
dei må vere med å betale for kanaler som inneheld til dømes mykje vald og mjukporno-grafisk innhald eller reklamefinansiert barneunderhaldning.
Enkelte har óg reagert på at det er dei som betalande kundar som må gå aktivt inn og verna sine barn for kanalar dei i utgangspunktet ikkje ønsker å ha, altså ta i bruk ein foreldre- kontroll.
Barneombodet ber departementet om å vurdere desse innspela. Ut over dette har ikkje Ombudet ytterlegare kommentarar til høringa.
|
Med vennlig hilsen |
|
|
Reidar Hjermann |
|
|
barneombod |
Kari Stenquist |
|
rådgjevar |
|
Oppdatert: 30.01.2012 20:56


