seksjon_hoyre.jpg
tips en venn
utskrift

Forskrift om oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet og godtgjering for dette

Barneombodet er positiv til at det no blir foreslege reglar knytte til gjennomføring av tilsyn under samvere. Samvere under tilsyn må mellombels aldri bli eit alternativ til at retten avgjer at det ikkje skal vere samvere, dersom ein vurderer samveret som skadeleg for barnet.

BARNEOMBODET

Barne- og likestillingsdepartementet
Postboks 8036 Dep
0030 OSLO

Dykkar ref:

Vår ref:

Saksbeh:

Arkivkode:

Dato:


06/01529-2

KJE

008

30.11.2006

Høringssvar:
Forskrift om oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet og godtgjering for dette.

Vi viser til høringsnotat vedrørande "Forskrift om oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet og godtgjering for dette".

Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barnet sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområde. Ombudet skal særleg følgje med i at lov-gjevnad til vern om barn sine interesser blir følgt, og at norsk rett samsvarar med dei for-pliktingar Norge har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar.

Generelle kommentarar

Barneombodet er positiv til at det no blir foreslege reglar knytte til gjennomføring av tilsyn under samvere. Klare reglar på dette området har vore ein saknad i mange år, og mangelen på reglar har medverka til store frustrasjonar hjå personar som har opplevd at retten har pålagd tilsyn, men ikkje sagt noko om kven som skulle utføre eller betale for tilsynet.

Ombodet får mange førespurnader som handlar om barn som vegrar seg mot samvere og foreldre som er bekymra for korleis barnet blir teke hand om under samveret. For mange av desse kan samvere under tilsyn vere ei løysing som sikrar barnet sitt behov for vern, retten til å ha kontakt med begge foreldra og/eller behovet for å tryggje ein forelder som grunnlaust er bekymra for samveret.

Sjølv om det no kjem reglar knytte til gjennomføring av tilsyn under samvere, må det vere ein grunnleggjande føresetnad at samvere under tilsyn er til beste for barnet. Samvere under tilsyn må aldri bli eit alternativ til at retten avgjer at det ikkje skal vere samvere, dersom ein vurderer samveret som skadeleg for barnet.

I rapporten frå arbeidsgruppe om "Tiltak for å verna barn mot overgrep. Framlegg om endringar i barnelova m.v." peikar utvalet på at det ikkje kjenner til norske undersøkingar som syner korleis samvere under tilsyn verkar. Ombodet meiner dette er eit område det er viktig å få meir kunnskap om, og synest det er bekymringsfullt at det finst så lite kunnskap om eit område som er av så sentral betydning for barn og foreldre dette gjeld.
Barneombodet oppfordrar difor Barne- og likestillingsdepartementet til å initiere under-søkingar som ser på omfanget av samvere under tilsyn og korleis samvere under tilsyn verkar for dei involverte partar. Det er óg interessant å samanlikna sakene der retten pålegg samvere under tilsyn, med saker der retten avgjer at det ikkje skal vere samvere.

Kommentarar til dei einskilde avgjerdene

§ 1 Kven skal oppnemne tilsynsperson

Det blir foreslege i forskrifta § 1 at ansvaret for å oppnemne tilsynsperson blir lagt til den statlege regionale styresmakta for familievern. Barneombodet støttar dette framlegget. Ombodet reknar med at det blir gitt ressursar til dette arbeidet, slik at oppnemning av tilsynsperson kan skje innan rimeleg tid. Vidare er det eit viktig omsyn at ein tilsynsperson som har inngått avtale med Barne-, ungdoms- og familieetaten har barnefagleg kompetanse og kunnskap om vald og overgrep.

§ 1 stadfestar at det er tilfelle der retten pålegg tilsyn som løyser ut eit ansvar for styres-maktene for familievernet. Ombodet meiner det er viktig at også rettsforlik blir omfatta av forskrifta sine avgjerder. Ut frå barnelova § 43 tredje ledd, der det står at det i avtale eller dom kan setjast vilkår for rettsforlik, går Ombodet ut frå at rettsforlik óg blir omfatta av forskrifta. Det kan likevel vere føremålstenleg å klargjere dette i forskriftsteksta.

Det blir vidare føreslege at det er den forelder som skal ha samvere under tilsyn, som har ansvar for å venda seg til næraste offentlege familievernkontor. Ombodet støttar dette framlegget og er av den meining at det er viktig at ansvaret for å følgje opp pålegget om tilsyn ligg hjå samvereforelderen.

§ 2 Omfanget av tilsynet

Det blir føreslege at pålegget om å oppnemne tilsynsperson kan omfatta inntil 16 timar per år. Timetalet blir grunngjeve med at denne forma for tilsyn er avgrensa til særlege høve, jfr. barnelova § 34 tredje ledd.

Ut frå Barneombodet si erfaring, synest 16 timar å vere ei tidsramme som ikkje strekk til. Ombodet meiner det i prinsippet ikkje bør setjast ei øvre tidsramme, og at avgjerda i barnelova § 43 tredje ledd om særlege høve ikkje bør tolkast for strengt. I følgje FNs barnekonvensjon har staten ansvar både for å verna barnet mot fysisk eller psykisk mishandling, og å leggje til rette for barns familieliv. Rett til god foreldrekontakt og rett til vern mot overgrep er óg to sentrale politiske føringar på dette området. Barneombodet meiner desse viktige omsyna blir tekne betre vare på dersom forskrifta opnar for meir skjønn og for ein meir fleksibel bruk av tilsyn under samvere enn ramma på 16 timar. Ombodet meiner prinsippet om barnets beste, jfr. artikkel 3 i Barnekonvensjonen, må vege tyngre i desse sakene enn økonomiske omsyn.

Sjølv om det no blir lagt til rette for at familievernkontoret skal bistå i høve tilsyn, vil det framleis vere døme der tilsyn blir sett som vilkår for samvere, men retten ikkje pålegg familievernkontoret å bistå. Ombodet ber om at informasjon om korleis ein skal løysa desse sakene blir gjort tilgjengeleg. Kven skal ha ansvar for å velje tilsynsperson? Er det samvere-forelderen eller den med dagleg omsorg som skal betale for tilsynet i desse tilfella? Kva skal gjerast med samveret i dei tilfella mor og far ikkje blir samde om desse spørsmåla? Barneombodet har fått tilbakemelding på at det herskar stor uvisse om kva som skal gjerast i desse sakene.

§ 3 Godtgjersle

Departementet legg til grunn at tilsynet i dei fleste tilfella vil falle inn under ordinær teneste og at det difor ikkje vil vere utgifter forbunde med oppgåva. Ein tilsynsperson som ikkje er tilsett i Barne-, ungdoms- og familieetaten vil, i følgje forskrifta, motta godtgjersle for tapte lønnsinntekter.

Barneombodet meiner denne avgjerda er uklar. Betyr ordinær teneste at tilsynet skal skje i vanleg arbeidstid? Kva ligg det i tapte lønnsinntekter? Har ein tapa lønnsinntekter dersom ein skal utføre tilsyn på søndag formiddag og ein vanlegvis ikkje arbeider på søndagar? Skal det betalast overtid for eventuelt arbeid i helgene? Kva slags godtgjersle skal personar som ikkje har ordinære lønnsinntekter få?

I langt dei fleste tilfella vil avtaler om samvere skje utanfor ordinær arbeidstid, anten på ettermiddagen eller i helgene. Dette bør også kunne vere utgangspunktet i saker der det skal utøvast tilsyn. Barn skal ikkje måtte bli tekne ut av skolen eller barnehagen for at tilsyns-personen skal kunne utføre tilsynet i ordinær arbeidstid.

Ombodet ber om at avgjerda om godtgjersle må bli tydelegare både i forskriftsteksta og i kommentarane til forskriftstekst.

§ 4 Tilsynspersonens oppgåve

Departementet foreslær at tilsynspersonen ikkje skal ha nokon oppgåve eller styresmakt

utover å vere til stades, dersom det ikkje går fram av domspremissane. Tilsynspersonen har likevel opplysningsplikt til barnevernet. Ombodet har ingen merknader til dette.

Ombodet er likevel kritisk til at tilsynspersonen som ein hovudregel ikkje skal gje skriftleg referat om gjennomføringa. Familievernkontora har journalplikt, og Ombodet meiner at det er naturleg at arbeidet som tilsynsperson blir omfatta av denne. Det same bør gjelde personar som familievernkontoret inngår avtale med. Skriftlege referat kan vere viktig i dei tilfella der saka kjem opp på nytt eller der det oppstår uvisse i høve til korleis samveret verkar på barnet.

Oppsummering:

· Barneombodet støttar framlegget om at den statlege regionale styresmakta for familievernet har ansvar for oppnemning av tilsynsperson når tilsyn er pålagt av retten

· Barneombodet meiner tidsramma for tilsyn på 16 timar ikkje strekk til

· Barneombodet ber om at avgjerda om godtgjersle må bli tydelegare både i forskriftsteksta og i kommentarane til forskriftstekst.

· Barneombodet meiner det som hovudregel bør lagast eit skriftleg referat frå tilsynet

Med vennleg helsing






Reidar Hjermann


barneombod

Kari Jevne


seniorrådgjevar

Oppdatert: 08.03.2008 16:13


Utviklet av Renommé Communication